Hugakøllen

Enkel • 1131 moh

Levert av outtt.com

Om turen

Dette er ein lett og enkel tur til ein topp med makalaus utsikt. Det var sagt at ein kunne sjå sju kyrkjer derfrå, og med ein god kikkert gjer du kanskje det? I stygg-gamal tid budde trollet Labo Hugakøll i dette fjellet, men han har halde seg merkeleg i ro i seinare tid, så det er lita sjanse for at de får med han å gjera på turen. Harmeleg, seier du? Ja, kanskje det?

Hvordan komme seg dit

Turen startar med at du tek av frå E-16 ca. 100 meter nordaust for Hugali pensjonat, der det står skilt til ”Hugakollen”. Der betalar du bompengar og køyrer vidare med godt samvit. Oppe på vegens høgste punkt tek det av ein veg til venstre, men du køyrer rett fram mot Hugastølen til du har køyrt over åne Ala og er komen til parkeringsplassen rett på andre sida. Der parkerer du og tek beina fatt. Skilt, merking og tydeleg stig gjer at du ikkje kan ta feil.

Les mer