Skjøld

Middels • 1577 moh

Levert av outtt.com

Om turen

Skjøld er ein relativt lettgått tur som byr på eit spektakulært utsyn. Du går i gras, lyng, mose og lavmark, men og noko stein- og blokkmark, og er du heldig, kan du treffe dei sjeldne fjellfuglane boltit og fjellerke. Etter 1½-2 timars gonge i høveleg tempo er du på Skjøld, med fantastisk utsikt ned i Øye og heile tinderekkja i Jotunheimen som står som tenner opp av landskapet.

Hvordan komme seg dit

Ta av frå E-16 i vestenden av Vang sentrum ved bensinstasjon ved skilt ”Skakadalen 10”, og køyr forbi Stelegardadn, betal bompengar, og køyr så vidare innover den idylliske Skakadalen, forbi gamle, nedlagte, stølar, til du langt inni dalen kjem til Storstølen.

Les mer